Logo-banner

Velkomen/welcome

Det er vår store glede å ønske velkomen til det 14. Norske Fiskeernæringsseminaret som vil bli arrangert på Solstrand Hotel & Bad like utanfor Bergen 13.- 14. november 2019.

It is a great pleasure to welcome you to the 14th Norwegian Fish Nutrition Seminar to be held at Solstrand Hotel & Bad, right outside of Bergen, on the 13th and 14th of November 2019.


Det Norske Fiskeernæringsseminaret blir arrangert anna kvart år og er ein arena for å kommunisere det siste i forsking og legge til rette for dialog mellom alle som jobbar med fiskeernæring i Noreg. Det overordna temaet for seminaret er ernæringssikkerheit for optimal ernæringsstatus og robustheit for alle artar oppdretta i Noreg. Dette inkluderer mellom anna forhold rundt fôrsikkerheit som til dømes tilgang og utnytting av næringsstoff, og mogleikar og utfordringar med nye råmateriale. Det omfattar også faktorar som påverkar ernæringsbehovet og ernæringsstatusen til fisken, slik som genetikk, miljøforhold, produksjonsstrategiar og sjukdomar, samt korleis optimalisering av fôrsamansetjinga kan påverke robustheit, prestasjon, helse og velferd.

Sett av dagane i kalenderen! Frist for påmelding er utsatt til 16. september 2019. Frist for å sende inn abstrakt er framleis 2. september 2019. Meir informasjon om program, påmelding og innsending av abstrakt vil kome utover sommaren. Konferansespråket vil vere norsk, men abstrakt og presentasjonar kan også vere på engelsk.


The Norwegian Fish Nutrition Seminar is a biennial event and is an arena for communicating recent advances in fish nutrition research and facilitate dialogue between stakeholders in science and practice of fish nutrition in Norway. The overall topic for the conference is nutritional security for optimal nutritional status and robustness for all species farmed in Norwegian aquaculture. This includes aspects of feed security such as availability, access and utilization of nutrients, and possibilities and challenges with new raw materials. It also includes factors influencing the nutritional requirements and nutritional status of the fish, such as genetics, environmental conditions, production strategies and diseases, as well as how optimizing the diets can modulate robustness and improve performance, health and welfare.

Save the dates in the calendar! We have postponed the deadline for registration until September 16th 2019. The deadline for sending in an abstract is September 2nd 2019. More information about the program, how to register and submit the abstract will come over the summer. The conference language will be Norwegian, but abstracts and presentations can be presented in English as well.